17. november 2013

Jakten på sola eller motbakketrening i fjellet

Uro!
Eg får ein sånn uro av og til når eg ikkje har vore på fjellet ei god stund og det er sol på ein nydeleg haustdag.
Spesielt rastlaus blir eg nå når det er sollaust hos meg etter kl. 11 (kjiiiipt berre altså æsj æsj æsj) og utsikten ut av stogevinduet frå sofaen ser slik ut:
Sol på toppen!
Vanlegvis så greier eg å roe meg ned igjen.
Berre fordi det er sol i dag betyr ikkje at det ikkje blir sol ein annan dag, og fjellet er der også i morgo, eller neste veke, neste år osv...

Likevel. Fjellet lokka i dag.
I tillegg var Lukas litt rastlaus han også (kan hunder virkeleg lese tanker? Eg sverger på at eg ikkje tenkte tur, men berre sofa sofa sofa :D).

Og før eg greidde å ombestemme meg, hadde eg tatt på meg løpetøy og -sko, pakka ein liten sekk med ekstra klær og var ut av døra.
Hattefjell ligg på 820 m.o.h., og eg kan gå rett heimanfrå. Eg bur på ca 150 trur eg (pinleg at eg ikkje hugsar det altså), så det blei ein del høgdemeter på veg til toppen.
Det var grusamt tungt.
Det er nemleg bratt opp til toppen.
Eg synst at Endomondo-høgdeprofilen blei litt for lyst og lystig og flatt, men Sports-tracker får fram sannheten av dagens motbakketrening:

Dei første 10min går eg alltid i tusletempo, då får Lukas tid til snusing og andre foretningar.
Så planla eg intervall: 1min løp, 1 min gange. Det har funka før.
Men det gjorde det ikkje i dag.
Eg var tung i kroppen og etter 10min blei eg berre meir og meir kvalm.
Ja ja, eg fekk berre da.
Treningsmessig har det nok omtrent like god effekt, for det ER bratt.
Ein får ein liten pust i bakken på ei lita myr like før stien til toppen (det vesle platået til venstre for toppen på høgdeprofilen), men ellers er det berre oppover.
Bortsett frå dei første 500m så er det heldigvis også sol på veg opp, så eg fekk full uttelling.
For ikkje å snakke om den DEILEGE FØLELSEN DET ER Å KOMA PÅ TOPPEN!
Det obligatoriske bildet på toppen.
Det var berre heilt topp å koma på toppen - sjølv om det blåste noko heilt voldsamt.
Men men, fram med vindbukse, -jakke og lue, så var det ok.
Jaaadaaa, ein ser jo ikkje lua eingong - men det blåste altså!
Eg skulle jo vise fram den fine lua eg har hekla, men det blåste så veldig, og eg var jo klissblaut på håret så det var ikkje så lett med fotograferinga.
Men men, her kjem den:
Merinoull frå Drops, hekla med faste stavar. Og eg har trynet fullt av rynker,
er nok ganske dehyrert tenker eg. Fiiiin modell hahah :D
Men det er jo lua som skal vera i fokus.
Det blei ingen lang pause på toppen, det var altså faktisk ordentleg kaldt, men eg tok meg tid til ein del bilder:
Sjølvportrett med Lukas er obligatorisk på topptur.
Home sweet home der nede - ser faktisk rett ned på den!
Lukas er blitt flink til å la seg fotografere -
men så får han jo også alltid ein godbit etterpå da :D
Eg er så glad i denne vesle løpesekken frå Salomon. Liten og lett men stor nok til litt ekstra tøy:
Ikkje-planlagt bilde (sånn er det med touchscreen på mobilen).
Eg er berre sååå glad at eg kom meg ut i dag. Eg blei i godt humør eg!
Snødekka og solfylte Skorve-toppen i bakgrunnen.
Ei god utsikt når eg sjølv står på ein fjelltopp!
Heile turen tok berre 2t10min, så det er overkomeleg.
Også når ein ikkje kjem seg avgarde før rundt kl 13...
Og så er det mykje meir moro å sjå solfylte toppar frå ein topp ein sjølv står på enn frå skyggelagte sofaen...
Motbakketrening som gir meirsmak, så dette skal gjentas!

14 kommentarer:

  1. Det ser ut til å ha vært en herlig tur i finværet! :D

    Kul lue du har laget da! Endelig fikk jeg sett en av de du har laget (hvis jeg har forstått det riktig, så har du ikke bare laget én? ) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Eg fekk hekledilla i fjor vår og då blei det ein del luer ja (har ikkje tall på dei - kanskje så mange som 10?).
      Mange er berre prøveutkast. Eksperimenterte også med stavar, halvstavar og fastmasker, og kom fram til halvstavar var den perfekte maska (det går nokså fort, og blir nokså varmt, og fint).

      Lua ovanfor er den einaste eg bruka fastmasker på, det blir fint og varmt, men det tar så utruleg lang tid, og eg er så utolmodig :P

      Eg må nok finne fram luene og ta bilder av dei, sånn til inspirasjon.
      Eit par modellar er eg veldig fornøydd med, og har til og med hekla ei lue til ei god venninne, sånn unntaksvis.
      Så det kjem meir!
      Akkurat nå har eg blitt hekta på selbuvotter igjen, ååå så moro, har fått laga min eigen variant, det blir spennande, nå skal det bli prøvevotter ;)

      Slett
    2. Selbuvotter er noe jeg enda ikke har turt å prøve meg på... Det ser så vanskelig ut å få de fine.
      Kanskje jeg får ønske meg noen heller ;)

      Slett
    3. Du kan jo begynne med å ønske deg eit par, så har du noko å kikke på.
      Eg kan fortelle deg at det ser vanskelegare ut enn det er, og mønsteret hjelpar faktisk å halde styr på antall omganger, fellinga osv, spesielt tommelfelling er faktisk enklare med mønster - sjølv om det går ikkje så fort og det er to trådar å halde styr på.
      Trikset med å få dei jamnt og fine etterpå er forsiktig demping (viss det heiter det) med fuktig handkle og strykejern.
      Då blir det skikkeleg husflidskvalitet over dei.
      Du MÅ prøve altså - det er moro å strikke votter!

      Slett
  2. Inspirerende!
    Jeg har gjort det til en vane og nilese joggeblogger hver gang sofaen kaller, men så man jo uansett ut med bjeffedyret og da kan man jo like gjerne gjøre det skikkelig. Som den hardhausturen din. Bare det overlykkelige hundefjeset burde være nok til å lete fram løpetøy. Gå eller løpe? Det er spørsmålet.
    (kjempefin lue)

    SvarSlett
    Svar
    1. (takk)
      Hehe ja, eg burde kanskje også lagt ut bilde nr 2 med meg og Lukas, der han drar den breie tunga si over fjeset mitt i full nytelese :D
      Men han var ganske happy på tur altså.

      Han blei forresten også ganske lykkeleg på veg ned der han fekk springe fritt og dermed benytta sjansen til å bli søkkborte i skogen i fleire minutt :/

      Heldigvis får eg ikkje lenger panikk med det same når han blir borte, men ventar. Og han kom tilbake til slutt, heldigvis.

      Gå eller løpe - ja takk begge delar, gjerne på sama økt - er jo "off-season" uansett og ikkje så nøye.

      God tur med bjeffedyret ditt!
      (skulle ønske Lukas bjeffa litt mens han er ute på sine solo-turar i skogen, då hadde eg visst kor han var hen - kanskje må han gå med bjølle??)

      Slett
  3. Herlig!! Jeg får av og til en sånn dragning etter å komme meg ut i skog og mark - vanskelig å forklar men tror du er en av de som forstår følelsen ;-) Jeg tenkte på det her om dagen da jeg leste om mølleøkter og da ble det så tydelig at "nei, om jeg må løpe på mølle for å få de mest optimale løpeøktene - ja da er jeg faktisk ikke villig til å investere det som må til" - fordi, for meg, så handler trening om å være ute! Det er jo derfor jeg kler på meg løpeskoene - for å være ute! Og nå som det er mørkte både sent og tidlig så blir det ikke til at jeg løper like mye i marka. Så sist uke da jeg løp gatelangs måtte jeg også bare erkjenne at en løpetur i trafikk, støy, eksos, biler og på asfalt ikke gir i nærheten samme gleden som en tur i marka. Godfølelsen kommer ikke når jeg løper i byen....

    Vel, nå skravlet jeg meg helt vekk her ;-) SOrry! Knallfine bilder. Har vi samme sekk eller ser det bare sånn ut?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er lett å ta fine bilder når det er blå himmel og solskinn, men samtidig så må ein jo og hugse på å TA BILDER, og ikkje forte seg vidare - eg er glad for at eg tok bilder, det er jo reine energiinnsprøyting nå i etterkant å sjå på dei!
      Det er herleg med sånne turar i skog og fjell og mark. Så får innetreninga kome når forholda krever det.

      Det er ein "Salomon XA 10-3 EXP", men viss din sekk har same farge, så er det nok den same, har ikkje sett andre sekkar i den fargen.
      Kjekk er den i alle fall, liten og lett, med drikkeblære og plass for ekstra flasker, votter osv, har brukt den også på løpetur, er blitt veldig glad i den. Passar også til kortare fjellturar i fint vêr - og eg ELSKAR fargen ;)

      Slett
  4. Herlig tur og flott utsikt..og et flott gruppebilde på toppen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Jannicke!
      Eg ville jo benytte anledningen og dele fine bilder, det er jo desse inntrykk eg står igjen med etterpå når eg kjem heim, og synst det er verdt å dele.

      Jaha, det er ikkje lett å få Lukas til å sitte stille ved sida av meg, men eg var heldig med bildet, og han var i godt humør han også :D

      Slett
  5. Å, det hørtes ut som en fin tur. Heldige du som bor i nærheten av sånne fine fjell. Selv kjenner jeg på at det ble utenlandsferie og ikke fjellferie i sommer. Jeg har ikke fått min årlige dose. Vi hadde en fantastisk tur til Hallingskarvet med hele familien i telt i august. Det var nattefrost og sol fra høy, blå himmel. Jeg finner ikke roen fjellet gir meg noen andre steder.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ein fin tur.
      Det er rart, eg kjenner meg igjen i det med "årlig dose". Dragning mot fjellet kjem nok mest på hausten hos meg, for på sommaren då lokkar det late livet (sjølv om fjellet er nydeleg om sommaren også).
      Hallingskarvet har eg opplevd på ein overskya vintersdag ein gong, men det må ha vore fantastisk med nattefrost og sol om dagen.
      Eg kjøpte meg faktisk eit lite telt i oktober, men soveposen holdt ikkje mål om natta, og Lukas fraus også, så me gjekk faktisk heim att (enda ein gong kjekt med å ha fjellet i nærheten, tok berre 40min å gå heim).
      Så viss du har nokre gode soveposar å anbefale, må du gjerne skrive litt om det eingong!

      Eit fjellområde som gir meg sjelero på ein slik måte at eg helst burde dra dit ein gong i året er Vågsli, Haukeliseter og mot Røldal. Spesielt Haukeliseter - då får eg sjelefred...

      Slett
  6. WOW! for en utsikt fra stuevinduet ditt. Den turen hørtes jo veldig bra ut. (tøff - les bratt og over 2 t!!) og du, pokker så kreativ du er da! den lua ser jo smashing ut. Blir forresten glad av alle fargene du ikler deg! Har sagt det mange ganger før, men jeg ELSKER Lucas! Nuffeluffen! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synst eigentleg ikkje at den fine utsikten er så bra, for då får ein fort dårleg samvittighet - på bildet er nok vinkelen litt annleis (tok det då eg var ute - men eigentleg er utsikten frå stoga enda finare, for då ser ein også skogen mykje bedre - når den er bada i sol mens eg hutrar i skyggen liksom :P).
      Eg har alltid vore ganske kreativ, men ikkje heilt turd å vise det fram.
      Å lage luer og vottar, da får eg også litt utløp for at eg har slik fargedille, eg elskar jo fine fargar!!

      Jaa....lille søte Lukas'en min, han er skikkeleg nuffeluff ja. Liten "valp" i stor kropp med eit enda større hjarte :)

      Forresten så tok heile turen 2t10min, oppstigning "berre" 55min ;)

      Slett