11. november 2013

Dagens antrekk

Eg kan av og til skjønne desse "fashionbloggarar" som legg ut "dagens antrekk" eller "dagens outfit".
Sjølv om eg ikkje kunne tenkt meg å berre blogge om mote.
Samtidig så kjenner eg meg litt igjen i korleis det er å bli glad av å ha på klær ein likar.

Dagens outfit.
Eigentleg så trur eg nemleg at eg har kanskje litegrann fordommar mot dei som bloggar om outfit, mote, interiør osv, fordi eg synst dei virkar så overfladiske.
Men det er kanskje ikkje så ille å vera overfladisk?
For det skadar jo ingen andre, eller?
Kunne det ikkje vera morsamt å legge ut "dagens antrekk" i bloggen her av og til?
For moro skyld?
Hmmm eg fann ut at eg måtte prøve dette der litt sjølv, for å finne ut om dette.
Så då gjorde eg det.
Det som var eigentleg mest interessant av "outfiten" (bortsett frå den pene hunden) er jo eigentleg lua, som eg laga sjølv, og som eg er så super fornøydd med, men så tok eg ikkje nærbilde av den. Og så tok heile den der dagens-outfit-lagre-bilde-klipp-og-lim-prosessen så lang tid (spesielt når PCen helst ikkje vil køyre fleire program samtidig) at eg gjekk litt lei undervegs.
Eg skulle jo sjølvsagt hatt med ordentleg navn på klærne, kor hen dei går an å få kjøpt, pris, osv, men som sagt, eg gjekk litt lei - og begynte å få dårleg tid.

Artig var det  - men eg står igjen med spørsmålet i meg "Koffor?"
Eg ville heller ha tatt for meg eitt plagg av gangen, og skrive ei lite vurdering av den, med tanke på kvalitet og bruksområde osv, det synst eg er meir moro å skrive om. Dessutan kjenner eg eit stikk av "skryt" når eg legg ut bilder av dyre klær (og Norrøna er neppe billig).
Men dei som kjenner meg veit jo at eg ikkje akkurat kastar pengar ut av vinduet, og kjøper masse ting heile tida, og at eg er opptatt av kvaltitet når eg først skal kjøpe noko.
(Eg er dessutan ein racer på jakt etter tilbod og rabatt, ei bivirkning av mange år som student :D).-

Men fasiten blir altså:

  • eg blir neppe ein fashionbloggar
  • det er litt moro å blogge om utstyr, men
  • da skal det vera meir enn berre bilde + navn
  • eg treng ein ny PC viss eg ikkje skal bruke fleire timer på bildebehandling
  • "dagens antrekk" er ikkje så overfladisk som eg trudde, det tek tid å lage
  • det er moro å vise fram fine klær eigentleg,
  • spesielt når ein berre går rundt i joggebukse/turbukse/goretexsko/softshell- eller fleecejakke
  • samtidig som det er rart
  • å ikkje vera fashionbloggar betyr ikkje at ein ikkje kan blogge om dagens outfit
  • aldri (ALDRI!) google på "fleece" + "Norrøna" + "pink" for då får du så mange treff på kult utstyr at det er heilt umogeleg å la vera å kikke litt på desse
  • hadde eg hosta fram forskjellige dagens outfit som denne ovanfor, hadde eg blitt mange tusenlappar fattigare (og dei tusenlappane har eg ikkje ein gong :D) for Norrøna kostar flesk, sånn er det berre - men fine plagg er det jo (forresten så fekk eg jakka til 70% av halv pris, buksa er kjøpt med rabatt på den lokale Intersportbutikken, Janus ulltrøya kjøpt på "bui" i Øyfjell til nedsatt pris, skoene var halv pris, you get it :D)
  • ==> eg trivst nok best å blogge om heilt andre ting enn dagens antrekk
Ellers?
Eg har faktisk greidd å løpe heile 3x gonger igjen den siste veka.
Eg har ikkje brydd meg om å vera motivert eller ikkje. 
Eg skulle berre ut og løpe - ferdig.
Ingen opplegg.
Det funka.
Endomondo eller Sports-Tracker app'ene fekk følge med undervegs.

Eg er også fortsatt i rute med The 30days plank challenge  - men om eg greier å fortsette med den, er litt tvilsamt, for 60sek virkar som den maksimaltida for meg for tida. Så 90sekund??? 120 sekund??? Hallo???
Planke - rett etter løpetur.
Men men - motivasjonen er der, så får me sjå!

9 kommentarer:

  1. haha - dritkult innlegg ;-) Jeg synes det er helt supert når vi som vanligvis bare blogger om trening blogger litt om klær og utstyr også. Jeg digger det fordi jeg får tips om bra klær. Og du har jo lagd en særdeles fin "dagens outfit" i tillegg - hvordan får man lagd et slikt bilde?? Kjempefint!

    Jeg får altså inspirasjon og tips til hva som kan være smart å kjøpe av utstyr og klær, og enda bedre er det om folk har kjøpt på salg og de tipser om et bra produkt som kan fås til en fin pris! Da er det jo bare helt genialt at folk blogger om klærne sine!! Så selv om det kan virke overfladisk sånn på overflata med "dagens outfit" så er det jo helt klart mange ganger svært nyttig hvis man altså samtidig blogger litt om kvaliteten på plaggene også....

    Jeg fikk jo ikke sett lua di men selv digga jeg sepesielt godt vottene ;-) Og buksa! Og så digger jeg jo ull så da digga jeg også de andre plaggene hehe

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe takk for det! Eg digger at du digger, for sånn skal det vera når ein bloggar om dagens outfit :D
      --> Ikkje så dumt å utvide horisonten sin og steppe ut av komfortsona si når det gjeld blogging.

      Ja den buksa ELSKAR eg! Fantastisk godt stoff, mange luftemulighetar og så ser den berre bra ut.
      (Og så står den utruleg nok i stil til terrengsykkelen min i svart/oransj. Åi åi, sjølv om desse ikkje er favorittfargane mine, så er den kombinasjonen utruleg tøff.

      Ja eg trur nok at eg skal blogge litt meir om utstyr. Og då meir om plagget i seg sjølv, materiale, bruksområde osv. Eg les ofte slike reviews og testar før eg invisterar i nytt (dyrt) utstyr, spesielt viss ein skal velge mellom to alternativ eller har ikkje andledning til å teste og må "rekke" bonus- eller rabattdagen

      Ja ull er berre deileg. Kan ikkje få nok av det. Og Janus har endeleg laga noko meir spennande enn dei klassiske svarte og ullkvite plagga.

      Så koseleg at du likte vottene - dei er yndlingsvottene mine med dei fargane - har faktisk strikka mange av dei i ulike fargar.
      Ja lua skal eg presentere etterkvart. Må berre få tatt nokre ordentlege bilder først.

      Slett
  2. Kult outfit-bilde av deg! :D
    Jeg syns det er gøy å lese/se på sånne outfit-bilder av de som trener. Eller, treningsmote som jeg kanskje burde kalle det ;) Så så lenge du gidder å lage disse tidkrevende inleggene, så skal JEG ihvertfall lese dem, og bli inspirert!

    Så flink du er som har fått til 3 løpeøkter! Det er mer enn ha jeg har klart siste uka.
    Men men, det er vel som de sier, alle uker kan jo ikke være nøyaktig like heller ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det kan hende at det blir fleire slike innlegg - med litt meir fokus på materiale osv - sjølv om det altså var faktisk moro å lage slik "Dagens oufit" - kreativt var det.
      Jo eg såg faktisk i ein eller annan amerikansk nettbutikk (i bransjen outdoor equipment) at dei kallar klærne for "sports fashion" eller noko - så treningsmote er jo ikkje så langt unna.

      Jaaa tre løpeøkter er ikkje ofte eg får til.
      Eg synst jo at du er så flink til å trene styrke, det får eg for søren ikkje til i det heile tatt - det endar med ein gong i månaden!?
      --> Det er ein motivasjonskode eg er nødd til å knekke først, trur eg.

      Slett
  3. Ja, og foressten; neste gang måå du bare ta et nærbilde av dine egen-komponerte klesplagg! ;D

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaaa det skal eg. Er jo fornøydd at eg tok bilde av vottene, men at lua ikkje blei med...
      Må få tatt nokre gode bilder altså!

      Slett
  4. Dagens outfit er faktisk noe vi treningsbloggere muligens burde tenke mer på :) du er råtøff i disse klærne. Vet du; jeg ELSKER Norrøna! De har gått i bresjen, og alle andre hermer etter dem. Ref fargekombinasjoner. Du burde IKKE gå inn i flagship store i Akersgaten i Oslo....du kommer nemlig aldri ut igjen. Julaften og alt på en og samme tid. Skikkelig godteributikk vettu! ALT er fint! På jobb, fikk vi nylig en stilig Norrøna jakke og lue. Hurra:) Jeg har gått glipp av din Plank Challenge. Iverksetter en egen en snart...det trengs! Min core er ikke akkurat bra om dagen. Så deilig at du fikk løpt så mye da! Ha en fin helg når de tid kommer<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå tusen takk. Når eg tenker meg om kan denne "dagens outfit" eigentleg kallas for "dagleg outfit" - for den buksa har eg flytta inn, og jakka er heilt perfekt for temperaturen som er nå - dessutan varmar den rosafargen altså - HERLEG - viss du elskar Norrøna hadde du elska jakka (den fantest også i eit par andre fargar, men er nok ikkje lenger ute i butikkane nå kanskje).
      Ok, flagship store i Akersgata i Oslo, det er noterte og lagt inn i smartphone med ukentlige alarmar slik at eg ikkje gløymer den ;)

      --> nei den må eg nok halde meg litt unna - for å vera ærleg så har eg nok det meste som trengst av slikt utstyr men Norrøna lagar jo såå kule klær!

      Eg vil også ha ein jobb der eg får ei Norrøna-jakke! Då hadde arbeidsevnen min sikkert firedobla seg haha.
      Kva slags lue fekk dikkøn da?
      Lua på bildet ovanfor er inspirert av Norrønas hekleluene - men sidan dei er litt dyre så lage eg mine eigen - i mine yndlingsfargar ;)

      Plank Challenge kan du jo hive deg på når som helst. Den er blitt litt krevande nå, eg kjenner at eg manglar core styrke eg også!

      Ha ein riktig fin helg du også! :)

      Slett