14. januar 2013

K-Swiss Kwicky Blade Light - mine nye løpeskø er her!

Det er fint å få pakker til jol, men det er nesten enda finare å få gaver etter jol, spesielt når ein veit kva ein får, og når ein har ønska seg det leeenge!

For nokre dagar tilbake fekk eg pakke i posten, med nye løpesko.
Det er kanskje ikkje høgsesongen for innkjøp av nye løpesko, men det er jo akkurat derfor det er så mange tilbod rundt omkring.
Og sidan eg er ganske god til å tråle gjennom nettbutikkar, så snubla eg over desse her ein dag før jol:
K-SWISS Kwicky Blade Light
Eg har eit par K-Swiss sko frå før, som eg så langt har reservert til innebruk, og sidan det ikkje har blitt mølletrening på meg gjennom hausten og vinteren, så skal egikkje uttale meg meir om desse foreløpig.

Men desse skoene er såpass utruleg behagelege på foten at eg absolutt måtte ha dei.
Kwicky'n er utruleg lett og fleksibel, og den har eit sømfritt indre, noko som gjer den god å ha på foten, også utan sokkar (f.eks. på ein sprint- eller supersprinttriatlonkonkurranse der kvart sekund tel, og å ta på seg sokkar i T2 kan jo ta nokre sekund ekstra).

Dei er gode også utan sokkar.
Så eg var heldig som fanne desse, og i desse utruleg fine fargane!

Så herleg med heilt nye løpesko rett frå eska!
Eg gledar meg veldig til å prøva dei meir.
Er derimot utsikker om eg skal utsette desse flotte sko for snø og is og salt...
Fine fargar, god passform, behageleg og lette.
K-Swiss Kwicky er ein lett konkurranse/lettvektssko, som eg mangla blant mine sko (i alle fall i den grad at det var forsvarleg å investere i eit nytt par :D)
I størrelse 39 veg dei lette 225gr.

Dei har eit vannavvisande ytre og dreneringshol i solen (kjekt på triatlonkonkurransar som halvironman og ironman om sommaren, der det er satt opp dusj så ein ikkje unngår å bli våt på beina, men spring du gjennom ein sølepytt, vil jo vatn trenge inn).
Kwicky'n er best eigna for asfalt eller lette stiar.
Det som eg likar godt ved K-Swiss skoene er, at dei rett og slett passar så godt på føtane mine.
Dei sit nesten som ein god sokk.
Dei er forholdsvis breie framme, og det passar meg bra, sidan eg har heller breie enn smale føter. Kanskje ikkje så pent med breie føter, men det er faktisk ganske kjekt når ein skal svømme fort, hehe.
Kwicky passar best for litt breie føter, trur eg. Bra for meg :)
Ein liten morsam ting er ein liten dings av gummi bak på hælen som gjer at det går fortare å få på seg skoene - om ein f.eks. er seint ute med løpeturen, må springe etter bikkja som har stukke av (Lukas er rask) eller kanskje mest med tanke på rask skifting i T2 frå sykling til løp.
Praktisk. (Ååå så er den så fin ja!!!!)
Viss nokon er meir interessert i vite korleis Kwicky'n er ute på vegen, og etter lengre tids bruk, så anbefalar eg å lese denne gode omtalen skrive av Allan, som ein kan finne her.
Velskrive og informativt som alltid, og innlegget til Allan gjorde at eg til slutt bestemte meg for å bestille Kwicky'n.

Eg ser i alle fall fram til å bruke dei nye skoene.
Forhåpentlegvis litt meir enn dei fem minuttane eg bruka dei på oppvarming til styrketreninga i dag...

1 kommentar:

  1. Kule sko! Og så så freshe farger som var på :D

    SvarSlett