5. november 2012

Trondheim Triatlon 2013!

Då har eg endeleg kome igang med konkurranseplanlegginga for 2013.
Eg har jo tenkt over alt eg har lyst til å vera med på.

Og eg har fortsatt veldig lyst på ein halvironman neste år. Men kva eg skal vera med på, er fortsatt usikkert.
Men så har eg blitt invitert til Trondheim av Helene og mammaen hennes for å vera med på Trondheim Triatlon, og det høyrdest jo så koseleg ut, at eg berre måtte takke ja!


Eg har dessutan aldri vore i Trondheim før, men berre høyrd så mykje bra om byen, at det er jammen på tide med ein reise dit!
Og så er det første gong Trondheim Triatlon arrangerast.
Det synst eg alltid er artig, å vera med på ein triatlon som arrangerast for første gong (som IM 70.3 Mallorca i 2011, og IM 70.3 Haugesund i 2012).
Svømminga går frå Munkholmen til "fastlandet".
(Bildet fann eg på trondheimtriatlonklubb.no)
Det var stor pågang om plassane (100 for olympisk distanse, 20 for "maraton").
Påmeldinga opna torsdag 1.november og som vanleg så sat eg og Helene klar til påmelding på kvar si ende av telefon"linja" (det kan vel neppe lenger vera snakk om ei fysisk telefonlinje, men det blei ganske fint bilde i hovudet mitt av dette, telefonnlinje).

Planen var at Helene skulle melde oss på begge to, slik at eg slapp å tømme kontoen og fortsatt hadde pengar igjen til mat i eit par veker.
Men så var det noko trøbbel med påmeldingsnettsida.
Og datamaskina til Helene som var visst ekstremt treg.
40km sykling langs fjorden.
(Bildet frå trondheimtriatlon.no)
Så fekk eg prøva å melde henne på.
Det tok tid. Me sat oppe ein heil time, til midnatt - då gjekk betalinga igjennom - kanskje.
Og me tok kvelden, avtalde at Helene skulle prøve igjen tidleg på morgonen, sidan ho skulle opp tidleg.
Og på morgonen  kl.6:30  fekk eg melding om at Helene hadde meldt meg på!
Eg sjekka nettbanken eit par timar seinare og fann ut at eg faktisk hadde greidd å melde på Helene også, kvelden før.
Alt var i boks!
Me er med!
10km løping langs Nidelva og over festningen.
(Bildet er frå trondheimtriatlon.no)
Det er så bra å ha i alle fall eitt konkurransemål for neste år!
I Trondheim var det altså 100 plassar til den olympiske distansen og 20 plassar til det dei kallar "maratondistansen".
Eg og Helene er påmledt til den olympiske distansen.
Bra er det, for nå er det fullteikna.
Og eg har faktisk berre tatt éin olympisk triatlon før, på Oslo Triatlon i 2008, så det blir ekstra spennande, kjenner eg!

Så nå gleder eg meg til 25.august 2013.
Eg er spent på Trondheim, og på ein ny konkurranse.
Det er lenge sida eg har vore med på ein triatlon med så få deltakarar!
Og eg ser fram til dette, for det har eg savna, den koselege "familiære" stemninga over ein forholdsvis liten konkurranse i Norge.
Eg gledar meg til å stå her neste år!
(Bildet er henta frå www.3atlet.no)
Kjenner at eg faktisk gleder meg!
Og det er bra, den siste veka har nemleg vore utruleg tung, psykisk.
Så det er godt å ha noko anna å fokusere på.
Treningsmessig skjedde det lite den siste veka, eg har rett og slett ikkje vore i form til å trene, det blei ein løpetur og to styrketreningsøkter (det er jo bra da, tross alt).
Men så var det enda bedre at eg fekk meldt meg på til Trondheim Triatlon!
Eg er så fornøydd!
Eg gledar meg! :)

4 kommentarer:

  1. Velkommen Imke! Ser frem til å endelig få treffe deg : ) Gleder meg til triatlon i hjembyen,og jeg har fått familien til å ta funksjonæreoppgaver slik at jeg kan delta selv :) Ei flott løype å se frem til. Artig at noen av triatlonvennene mine utenbys rakk å melde seg på.

    SvarSlett
  2. Tusen takk Cathrine!
    Ja det blir moro å treffast, det ser eg også fram til :)

    Ja det vart Helene som som fekk oss til å vera rask ute - ellers hadde eg nok ikkje blitt med, så fort som plassane gjekk!
    Eg har skjønt at det er ein del skuffelse blant triatletane frå Trondheim Triatlon som ikkje fekk plass, men eg håpar me som kjem utanfrå blir tilgitt. Det blir nå god omtale sikkert etterpå,og neste år kan det vel bli fleire plassar?
    Kjekt å ha ein triatlon i heimebyen sin, da får du virkeleg ein spesiell opplevelse!

    SvarSlett
  3. Lykke til Imke. Er det blitt så vanskelig med plasser til Triatlonm også? Jeg begynner å tenke litt på det også. trente svømming i 12 år, så det skulle gå greit, sykling er nok det verste for meg. Der trenger jeg nok mye opplaring. Forresten bare du kan si "koselig" om slik anstrengelse. Du kommer å like Trondheim. Det er en gammelby så minner meg mye om hjemme, det kommer nok også minne deg om der du kommer fra.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ania!
      Det er dessverre ein del triatlonkonkurransar i Norge der ein må vera veldig tidleg ute for å melde seg på.
      Det er ganske synd, synst eg, og det er fleire som gjer det.
      Akkurat Trondheim triatlon er det første gong neste år, og dermed var det veldig begrensa med plassar.
      Eg skulle ønske det gjekk an å vera med på triatlonkonkurransar spontant, slik det var for nokre år tilbake.
      Ja kanskje skulle du prøve ein triatlon ein gong?
      Du har ein kjempefordel at du har svømt så mykje og er ein sterk løpar, for sykling handlar då meste berre om å sykle ein del mil (enkelt sagt).
      Jaja, "koseleg" eg tenkte vel på heile pakka, at det er saman med venner, då er det faktisk hyggeleg å slite seg ut saman og blir tatt vare på etterpå :)

      Ja eg trur faktisk også at eg kjem til å like Trondheim. Eg likar gamle byar. Eg budde i 3år i Rostock ved Østersjøen og likte meg godt der, det er noko med gamle byer i nærheten av havet.
      Eg er i alle fall spent :)

      Slett