27. august 2012

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 5


Dag 5, frå Svandalsflona til Røldal

Det var den siste dagen og etappen på pilgrimsvandringa.
Starten begynner på den gamle vegen til Røldal, som etterkvart gjekk over i ein lang nedoverstigning. Det var mektig landskap rundt oss. Me kryssa E135 og fortsette vandringa på ein smal sti, forbi Olavsteinen, innom lunsjplassen vår ved Hølen Camping, der det var fleire pilgrimar som slutta seg til oss for denne delen fram til Røldal.
Ein siste motbakke gjennom nydeleg kulturlandskap og frodige seterplassar førte oss ned til Røldal.
Været på denne etappen var flott, solskinn og litt skyer, men ikkje altfor varmt.
Det var ein god følelse å koma fram til Røldal.
I stavkyrkja avslutta Eilev pilgrimsvandringa med nokre ord, og det blei sunge og lest opp dikt.
Etterpå blei det middag i Røldal, og det smakte heilt herleg!


Me er i gang att, mot Røldal.
Pilgrimsmerket visar veg.
Blomar langs vegen.
Eg trur dette er Jåblom.
Ein kan føle seg ganske liten i så storslagent landskap.
Fin temperatur å gå i. Seinare blei lue og fleecejakke bytta ut med singlet.
Her gjekk det jo an å fylle vannflaska si.
Her er det så god plass!
Eg fann meg ei ørlita moltemyr langs vegen, gjøymd bak nokre bjørketre...
På Hølen Camping var det ei geit som venta på oss og matpakkene våre.
Luringen greidde å stele/lokke til seg både boller og eple.
Seinare kom resten av flokken, men den greidde me heldigvis å rømme frå ved å fortsette  vandringa.
Turen fortsette gjennom nydeleg kulturlandskap i solskinn.
Pilegrimsvandring for tobeina og firbeina.
Nydeleg røsslyng langs stien.
Nokon påstod at det "ikkje er blåbær i år". Nei vel?
For ein flott siste pilegrimsetappe!
Nedstigninga til Røldal nærmar seg og fører oss gjennom gamalt seterlandskap.
Seter i bakgrunnen.
Naturen var ganske frodig dess nærmare me kom Røldal.
Den siste vesle kilometeren gjennom Røldal mot stavkyrkja,
som er såvidt synleg i bakgrunnen på bildet.
I god pielgrimstradisjon gjekk me tre gonger rundt stavkyrkja då me kom fram.
Avslutningsbildet av pilegrimane foran stavkyrkja i Røldal.


Pilgrimspasset fekk det siste stempelet som bevis for gjennomført pilgrimstur, og med dette tok min andre pilgrimstur til Røldal slutt, i alle fall formelt sett.

For på denne turen har eg blitt kjendt med så mange nye flotte menneske, knytt så gode kontaktar, kjendt på mine begrensnignar og moglegheitar, mine ressursar og evner, slik at eg kjem til å ha med meg denne pilgrimsturen også i lang tid etter at eg kom fram til Røldal.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar