4. juni 2012

Eg vil svømme!

Ja eg vil så gjerne.
I dag var eg nede på Bjørgesanden strand med Lukas, og det såg sååååå deileg ut på vatnet.
Ikkje at det var spesielt gode forhold.
Det var kjempehøge bølgjer (eg hadde nok kanskje blitt sjøsjuk i dag, hadde eg svømt), og berre 10 gradar i vatnet.
Dessutan så regna det litt.
 Men det var også litt solskinn, og ein regnboge som var med oss i nesten ein time, og det var faktisk mildt i lufta, og bølgjene laga så fin lyd mot sanden og småstein, og vatnet var honningfarga, og ikkje eit menneske ved stranda... 

Lukas fekk springe laust.
Og bade.
Eg kasta pinne mange gonger, og han var like entusiastisk kvar gong eg kasta.
Og eg blei så imponert over svømmestilen hans. Kraftfull i motbølgjene, og energisparande på veg inn att mot land. Og han elska det!
Eg ser veldig fram til å svømme saman med han.

Kraftfulle svømmetok mot bølgjene.
Sjekk korleis det sprutar!
Meir uanstrengt stil på veg mot land.
Og eg angra på at eg ikkje hadde med våtdrakt i dag, faktisk.
Ein eller annan stad har eg faktisk også neoprensokkar.
Dei varmar vel litt?
Kanskje har eg til og med neoprenhanskar ein plass også?

Neoprenskjerf?

Nå kjenner eg at det har gått for lenge sidan sist eg svømte.
Det var nemleg FØR eg skade kneet mitt, og det var 19.februar.
Er det mogleg???
Ja der sat eg nå og såg utover Seljordsvatnet og ville helst svømme...
Ja, det er det.
Sist eg var ute i vatn (sist søndag), så kjendte eg jo at det var lurt at eg hadde stått over svømming dei siste vekene pga av det blir ein del ukontrollerte bevegelsar for kneet mitt.
Men likevel.
Det burde vel gå.
Eg kan vel passe på?

Eg heldt på å køyre te Bø i dag for å svømme i Gullbring.
Men så gjekk pengane til eit nytt stem til temposykkelen istadenfor.
Og det er bra  det også.

Dessutan har eg hatt noko trøbbel med det venstre augaet mitt, det har klødd og verka og produsert kvit guffe i tre dagar nå, og sidan eg har hatt hornhinnebetennelse før, ville eg ikkje trigge dette ved å svømme i klorvatn.
Men likevel.
Eg har svømt sidan eg var bitteliten, og alltid elska det.

Eg savnar elementet mitt.
Vatnet.
Sukk...
Men snart.

2 kommentarer:

  1. Jeg synes ogs[ at selvom sv;mminga er s[ skonsomt s[ ved sm[ vonder gj;r det ekstra vondt n[r man sv;mmer. Jeg har s[ og si ikke vondt i kneet mitt lenger, men n[r jeg sv;mmer gj;r det jakla vondt! N[ har jeg ikke drakt men vorderer [ kj;pe for [ sv;mme litt mer

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var godt å høyre.
      Sånn sett var det ikkje så ille å droppe svømminga pga kneet, men likevel, så blei det eit sterkt savn for meg.
      Det er morsomt å svømme med våtdrakt!

      Før eg begynte med triatlon kjøpte eg meg våtdrakt frå Europris for å kunne svømme og dykke også i kaldt vatn.
      Du får oppdrift også.

      Kanskje skal du prøve?
      Men får du vondt i kneet er det kanskje best å halde seg til bading istadenfor svømming.
      Svømmer du krål forresten?
      Det er veldig mykje bedre for både kne og nakke enn bryst...

      Slett