28. oktober 2011

Do-it-yourself: Å reparere sko

Eg har alltid likt å gjera ting sjølv, og å lage ting sjølv.
Dessutan likar er å fikse ting.
Sjølv om posen med etiketten "Skal fiksast" stort sett blir stappfull før eg begynner å ta tak ting.

Men av og til så kan det ikkje vente.
Då eg gjekk pilgrim frå Vågsli til Røldal i slutten av august dette året, så heldt mine gamle fjellstøvlar ganske bra. Og nesten heilt fram også.
Men ved synet av stavkyrkja i Røldal, så kollapsa dei.
Solen løsna.
Frå halve støvelen.
Sidan eg hadde rekna med dette, hadde eg tatt med tape. Elektrisk tape.
Elastisk og sterk.
På denne måten fekk eg surra fast solen til støvelen igjen og gjekk dei siste 50m fram til kyrkja.

Eg er så glad i desse gode gamle støvlane mine. Dei er riktignok over 10 år gamle nå, og har fått skikkeleg juling gjennom åra. Spesielt under redningshundtrening kunne det gå hardt for seg, over stokk og stein og gjennom myrar og buska og kratt i full fart. Om vinteren blei det mykje tråkking i snø, og spesielt vårskaren tok til slutt knekken av tåforsterkninga laga av gummi.

Sidan gore-texen framleis er tett, og støvlane er utruleg gode, mens økonomien er dårleg, så ville eg ta og reparere støvlane framfor å kjøpe nye.
"Bruk Sikaflex!" fekk eg høyre som tips av ein annan pilgrim.
Som sagt, så gjort.
Eg tok ikkje bilder av reparasjonen. Eg må innrømme at eg var såpass skeptisk at eg nesten blei overtruisk. "Berre eg ikkje tek bilder av dette og bloggar om det, så gjeng det sikkert bra."

Det gjekk bra. Støvlane har alt vore på fleire fjellturar nå.
Solane heng fortsatt på.
Okay, dette ser ut som reklame for Sikaflex. Det er det ikkje. Eller jo da, men ikkje betalt. 

Sikaflex (Sikaflex®-11 FC+)er basert på polyuretan, noko som også er ingrediensen for reparasjonslim som "Seamgrip Seam Sealer" og "Freesole® Urethane Formula Shoe Repair", og det funkar veldig bra!
Og det ser ut til at det er ganske så mykje den kan brukast til: "Allsidig liming, tetting og fuging av de fleste materialer, for eksempel: tre, betong, siporex, murverk, metall, plast, keramiske fliser etc." som nettsida til Sika opplyser om.

Det er nok berre fantasien min som set grenser her for kva eg nå kan finne på å fikse!

Og når eg først var i gang med do-it-yourself og skoreparasjon, fann eg eit anna par gamle sko.
Gode, gamle sko.
Dei har eg også slitt ut i årevis, og eit par saumar hadde løsna. Men her også, så var gore-texdelen i orden, og skoene er såpass gode å gå med, at det er heilt uaktuelt å kaste dei enno.

Denne gangen brukte eg nål og tråd.
Det er alt som trengst: ei kraftig men ikkje for tjukk rundnål, veldig sterk tråd (helse av lin og den typen som er laga til å sy skinn og lær med, det er denne eg hadde liggande heime, og ein skarp saks. Eventuell ei tang, men det kjem an på kor sterk ein er i nevane.

Ved første forsøk sydde eg på vanleg måte, ved å stikke nåla gjennom hola frå den gamle saumen, og dra godt til. Men etterkvart blei det vanskeleg å dra nåla igjennom.
Det er lettare å sy "laust", altså sy slik at ein ikkje drar i tråden, men let den lenge i løkker. På den måten er det lettare å kome til på undersida av skolæret.
Utstyret eg brukte: rundnål, skarp liten saks og tang (ikkje med i bildet).
Første saum blei litt klønete. Men øvelsen gjer meistar.
Det var vanskeleg å få til ein fin saum her, men den blei i alle fall sterk.

Med litt skokrem på er saumen ikkje så synleg lenger.

Det ser ganske brukbart ut frå avstand. Og det viktigaste er jo, at den nye saumen er sterk.
Og så var det ein saum på den andre skoen også. Her let eg tråden henge i større løkker mens eg sydde, og stramma til alt saman heilt til slutt (brukte tang her).,
Denne gongen blei resultat bra, og saumen ganske pen også.
Eit par gode knuter til slutt.
Og skoene er fiksa og klar til bruk igjen :)

6 kommentarer:

  1. Anonym28/10/11

    Tett gore-tex etter 10 år? Må være ny verdsrekord, iallefall Noregsrekord:)
    Fjellskoa mine held mellom 2 og 3 år, då er dei utslitte.

    Halvor

    SvarSlett
  2. 100 m frå der eg bur i Fagernes sentrum har det slege seg ned eit par frå Nederland. Han er rimeleg skomakar og dyktig fotproblem-fiksar - podolog, heiter det visst. Det finst berre 2-3 slike i Norge! Ho er sydame og reparerer alle slags klede. Vi har alt fått fiksa mange skor, glidelåsar etc. hjå dei. Dei er ikkje dyre eingong. Slike folk skulle det vore alle stader!

    SvarSlett
  3. Torodd:
    Heilt einig! Ja slike folk skulle eg gjerne også hatt i nærleiken her altså.
    Eg synst at å levere så gamle fjellstøvlar til reparasjon hos vanleg skomaker kan bli litt vel dyrt, spesielt om ein må køyre ein del mil i tillegg.
    Og å reparere sjølv er jo artig, synst eg.
    Men glidelåsar, ja, det skulle eg gjerne hatt hjelp til å fikse.
    Har nemleg ikkje tolmodighet til slike finmotoriske reparasjonar. Mange yndlingsjakker som ventar på hjelp...
    Då er dikkøn heldige som har tilgang til så praktiske folk, og i tillegg podolog(då lærte eg eit nytt ord også)!

    SvarSlett
  4. Sia me ikkje he nokon "podolog" i nærheten - sø tek eg i bruk tipset ditt - når det kjæm te tetting av "eldre" fjøllsko - som æ heilt uunnværlege!! :-)
    Då æ eg klar fe Skorve i lagleg tempo!! (Viss eg gjæng fe seint, tek du bare litt ekstra kg i sekken, hell omvændt!?) :-)

    SvarSlett
  5. Skorve - sjølv om det er over 34 år sida eg budde i Telemark (3 år på Notodden lærerskole), burde eg vita kvar det ligg. Er det ikkje det fjellet vi ser i vest når vi kjører ned via Nutheim retning Seljord? Flatdal, heiter det kanskje der...

    SvarSlett
  6. Jepp, Torodd, det er Skorve (og ja, bygda heitar Flatdal).
    Eit utruleg flott fjell, men eg hev aldri vore på toppen.
    Eg budde også nesten 7 år i Bø og visste ikkje eingong om dette fjellet.
    Men nå prøvar eg å få med meg Marie på toppen. Etter snart 3 år i Seljord er det vel på tide...

    SvarSlett