29. september 2011

"...for du er ein vinner!"

Det blei ein utruleg flott dag i Oslo på søndag.

Dagen begynte med at vekkerklokka ringte kl.5.00 (*gjesp*), og at eg ein halv time seinare kunne sette meg inn i ein behageleg bil og la meg køyre te Oslo.
Det blei ingen kjedeleg tur, for både før og etter at andre maratonmannen blei plukka opp i Drammen, blei det masse prat om trening, treningsløyper, og treningsmetodar og tider og tidlegare løp.
Det var tjukk tåke frå Drammen inn til Oslo, men blå himmel skinte igjennom tåka og lova ein dag med fine forhold å springe i.
Gutta skulle starte på heilmaraton kl.10:20, mens halvmaratonen min ikkje starta før 13:40.
Dermed hadde eg god tid til å heie på Helene og gutta, og god tid til å skifte, tusle gjennom messeteltet, stå i dokøen, prate med andre løparar, og nyte stemninga.

Me har stilt oss opp for å heie Helene og gutta ved maratonstart. 
Sola kom ut etterkvart også, og temperaturen var behageleg, mens folket strøymde på til Oslo sentrum. Heile 8000 halvmaratondeltakarane blei annonsert over høgtalaren!
Sidan eg ikkje hadde løpt sidan 20.august var eg temmeleg usikker på kor hen eg skulle plassere meg i startpulja.
Eg fann det tryggast å stille meg rett bak 2:20-ballongen som fartshaldaren hadde festa på seg. Tenkte at viss dette tempoet skulle bli for sakte, så kunne eg vel alltids auke farten undervegs.
Eg møtte Turid også, som skulle vera fartshaldar for 2:30-gjengen. Eg er imponert. Det å halde eit jamnt tempo over eit løp må vera ganske krevande. Også med dagens teknisk utstyr!

Startskotet gjekk, og massen sette seg i bevegelse. Det var første gong eg var med på eit slik stort løp, og det var utruleg artig å vera ein av så mange. Farten viste seg først å vera fin for å varme opp, men etterkvart litt for sakte. Beina kjendest fine og sterke. Så etterkvart jogga eg rundt og forbi og i sikksakk mellom løparane. Etter 7-8km var 2:15-ballongen i sikte, og eg blei like godt løpande bak den.
Nokre sekund før starten på halvmaraton. Artig å vera blant så mange!
Men at eg hadde brukt alt for lang tid på å nyte stemninga og prate med folk og heie på løparane, og for lite tid på å få i meg nok mat FØR løpet, ja det begynte eg å kjenne alt etter 4-5km.

Sulten blei eg! Og tørst!
På første mat- og drikkestasjon heiv eg innpå ein bananbit og skylte ned med sportsdrikke, men det viste seg ikkje til å vera nok. Berre etter 10min var eg sulten igjen!

Ved dei påfølgjande matstasjonane tok eg så mange krus med sportsdrikke eg kunne få ned, og tok også to bitar banan. Og det kjendest godt med litt mat i magen.
Banan har aldri svikta meg på eit løp! Det går ned uansett, og kranglar ikkje.

Etter 10km kjendest beina fortsatt gode, pusten var god, kondisen god, og eg avanserte etterkvart til 2:10-fartshaldaren. Det viste seg å vera ein livleg kar som heie på gjengen bak seg, og det var utruleg gøy.
Samtidig møtte eg også eit par gonger Vest-Telemark sprekaste diakon, Eilev, undervegs, og me utveksla heiarop i den grad me hadde pust til dette.

Ved km 16 derimot begynte leggane mine å bli utolmodige og ein smule slitne. Ved km 17 trua dei med protest i form av krampar. Eg senka farten og lot 2:10-ballongen forsvinne. Ingen fartshaldar stoppa ved drikkestasjonane, og eg var fortvila etter mat og drikke!
Nå gjekk eg også eit par steg meir gjennom desse stasjonane enn det som var nødvendig. Eg kjendte tydeleg at beina mine ikkje var vant te å løpe lange turar på asfalt lenger, og tenkte at eg neppe ville krangle med dei.

Joda, eg greidde å springe i fin form forbi Helene, som hadde stilt opp med heiagjengen sin og med medalje rundt halsen etter fullført heilmaraton, for så å småjogge forsiktig vidare. Heiagjengen dukka også opp att på Karl Johan, og der var det så mykje folk som heia at eg neppe kunne GÅ der, sjølv om eg hadde forferdeleg lyst til det. Eg beit tennane saman og håpa på at leggane ikkje akkurat der og då ville begynne å krampe på ordentleg.
Ved siste stigning før mål unna eg meg å gå eit par steg - herleg!
Men kor var målet hen?
Hadde ikkje nokon nettopp ropt ut at målet var berre 200m unna???

Kva slags lange 200m kunne dette vera?
Ja da, dette er jo eit heiatriks. "Du er snart i mål", "Du er snart på toppen" - juks alt saman - men heilt greitt :)

Endeleg, etter nokre "endelause" minuttar var målet i sikte, og eg kjendte kor letta og fornøydd og glad eg blei.
Eg prøvar alltid å kjenne etter ekstra godt når eg nærma meg mållinja, spesielt på lengre løp.
Eg synst nemleg at ein skal vera fornøydd med seg sjølv når ein kjem i mål.
Uansett tid, uansett bakgrunn, forventningar.

Eller som distansen halvmaraton blir beskrive på Oslo Maraton si heimeside:

"Opplev Oslo gjennom 21 kilometer langs byens flotte fjordlinje. Garantert langt nok til at du blir både svett og sliten, men en litt enklere distanse å gape over enn en hel maraton. Og absolutt langt nok til at du virkelig har noe å feire når du krysser mållinjen, for du er en vinner!"

Då eg hadde kome i mål og kikka på mobilen min (eg hadde faktisk ikkje med klokke på løpet), så var klokka blitt 16.00. Så eg lurte på kva slags tid eg hadde fått - og det viste seg at eg faktisk har ikkje brukt meir enn 2:11:12 !
For ei fantastisk tid!
Med såpass lite trening som eg har gjort dei siste tre månadene, og INGEN løpetur sidan 20.august!

Eg er så superfornøydd med søndagen. At eg plutseleg bestemte meg for å dra likevel, stille på halvmaraton og ikkje på 10km, og at eg greidde å nyte dagen, kosa meg undervegs, og koma i mål med eit smil. Alt saman er berre heilt herleg!

Eg har til og med alt printa ut diplomen min. Eg har også hengt opp den fine medaljen min som eg hadde så lyst på. I stoga, sjølvsagt. Ved sida av Ironmanmedaljen. Grete Waitz treng ein æresplass og fortener å bli sett - også om det berre er på ein medalje.

Eg er stolt og glad over å ha ein medalje med Grete Waitz på. Uendeleg inspirasjon!

2 kommentarer:

  1. Grattis; bra gjennomført!!! ;-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk Silja! :)))

    SvarSlett