2. juni 2011

Hanakamjuvet

Det er ikkje så mange veker igjen til Ironman Regensburg.
Då eg sjekka løpeplanen min frå ifjor, såg eg at eg alt hadde sprunge mange fleire turar som også var mykje lengre enn det eg har fått gjort i år.
Sjølv om det var utruleg deileg å berre liggje i sola i går og vera lat, så hadde eg lyst til å koma i gang igjen med meir strukturert trening etter to veker med "pause" etter halvironman på Mallorca.

I går hadde eg meir lyst til å springe på grus/variert underlag enn å slite asfalten. Målet for løpeturen blei derfor Hanakamjuvet.
Stien/vegen langs Hanakamjuvet er ganske brei, og består av litt grus og skogsunderlag og delvis ganske store, kantete og lause steinar:
Nei, dette er ikkje ein uttørka bekk. Delar av stien er ganske røffe, med mykje stein.
Så det er best å ta runden rundt Hanekamjuvet medsols (turkart i PDF her), for å unngå å springe på slikt laust underlag i bratt nedoverbakke. Eg synst eigentleg at det er kjekt med litt krevande underlag. Ein får brukt mange fleire musklar for å halde balanse, og hovudet blir opptatt med å koordinere føtane, så negative tankar er det neimen ikkje plass her!
Dessutan er det fint å springe på denne gamle vegen.
På grunn av alt regnet dei siste dagane var fossen blitt ganske stor:
Fossen i Hanakamjuvet.
Binna var i god form i går, og i godt humør:
Binna på tur, aldri sur.
Sjølv var eg ikkje i spesielt god form i går, men humøret blei i alle fall bedre og bedre etterkvart:
Yndlingsmotivet mitt: eg og Binna på tur.
Runden eg sprang er til saman nesten 12km lang, og omfattar ein del høgdemeter:
Høgdeprofil frå turen min i går.
Sjølv om eg stoppa mange gonger undervegs, omtrent (minst) kvar 15.minutt, så kjende eg at det var ganske tungt å springe. Binna derimot kom etterkvart (ved km 5-6) i ein skikkeleg god rytme, og trava av garde ganske så lettbeint:
Binna travar i fin stil. Då er ho nesten ustoppeleg.
Etter all stigning var det var godt å koma til nedoverbakken. Utsikten var fin, sjølv om eg ikkje kan forstå at denne halvdaue grana der har fått stå i fred så lenge???
Kan nokon ta vekk den grana der???

Uansett: det blei ein fin tur i går. I og med at eg gjekk den første kilometeren for å varme opp, stoppa mange gonger for å ta bilder og for å la Binna bade, så varte turen frå 17:30 til 19:10. Og det er bra. Det kjenner eg også i beina i dag.
Men i går så var det deileg å springe, og humøret godt, og då er det heilt greitt å sitte heime på himmelfartsdagen på stive lår dage etterpå. Og eg ser alt fram til neste tur i fjellet.
Den velkjende effekten av auka serotoninproduksjon etter trening visar seg ganske tydeleg her: godt humør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar