I går kom det nesten heile 20cm med ny snø over natta. Skikkeleg vinter igjen, og det midt i mars.
| Å nei! Masse snø som kom over natta! Det er blitt vinter igjen! Midt i mars! Eg er sjokkert. |
| Dette var mykje bedre. Same dag, åtte timar seinare. |
På med løpesko og løpetøy, Binna fekk på seg sele, leiebandet blei røska med, mp3-spelaren lada opp littegran i full fart, og ut bar det.
| Eg likar å høyre på musikk når eg spring. Men berre på eit øyra. Når ein spring på vegen er det kjekt å høyre kva som skjer rundt meg. |
Dei 20cm med ny fluffy snø frå natta var blitt forvandla i ein slags blanding av våt snø, vatn, sørpe og kvit slush.
Ute på vegane var heldigvis snøen smelta bort stort sett.
| Hm ja, dette var også mykje betre. Våt asfalt er myje betre enn isete asfalt. |
| Slaps på sidene. Binna var sprek og valgte å springe frivillig i slaps. Kvifor gjer ho det, tru? |
Men eg hadde ikkje trudd at eg ville bli så glad over å bli våt på beina.
Men i går, så var våte løpesko definitivt eit vårteikn!
Godt er det!
| Utsikt frå løpetur. Våt men bar asfalt. Bra!! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar