8. februar 2011

Ein fisk med sykkel og løpesko

Eg abonnerar på nokre nyhetsbrev på nettet.
Der er det både nettbutikkar som reklamerar, sider om fitness og trening som gjer meg oppmerksam på det siste som skjer på deira nettside, og det er ein del bloggar som eg abonnerar på, slik at den nyaste artikkelen alltid er presentert i Google Lesaren.
På denne måten er innboksen aldri tom for uleste e-postar.
Og eg kan ikkje klage over for lite inspirasjon.

Men det er veldig sjeldan at eg les alle desse e-postane. Stort sett så grovsorterar eg dei ved hjelp av overskriften.
I dag så blei nysgjerrigheten min vekka av overskriften "What's your swim type?".
Dette appellerte til meg.
Dette ville eg finne eg ut av.
Kva for ein svømmetype kunne eg vera?

I staden for å lese gjennom heile teksten blei det plutseleg veldig fristande å berre velge etter kroppstype.
Sjølvsagt ville eg helst vera den slanke men muskuløse typen, som glir uanstrengt og med nydeleg teknikk gjennom vatnet.
Etter meir nøye lesing av artikkelen skrive av Ben Greenfield, blei eg frista til å tilordne meg typen "smooth", som kjenneteiknast ved fortreffeleg svømmeteknikk, og som brukar lite krefter mens han/ho svømmer forbi konkurrentane sine.
Nei, det var kanskje ikkje heilt meg likevel?
Eg innsåg at eg ikkje tilhøyrde nokon av typane. Eg var ikkje ein blandingstype ein gong.
Og eg har jo alltid visst det, så kvifor skulle eg eigentleg plutseleg finne mine "svømmetype"?

Eg er jo ein fisk, det har eg alltid vore, alt sidan eg var lita jente.
Eg kan berre hugse at eg alltid har elska vatn, alltid kjent meg trygg under vatn, og helst ville "bu" under vatn også. Alt då eg var fem år kunne eg svømme ganske bra, sjølv om eg nok ikkje har gjort alltid slik som svømmelæreren sa. Under vatn var det jo ingen som såg meg, så eg kunne akkurat utvikle den svømmestilen som passa meg, og som førte meg raskast fram!
Og i dag er det så som så  med svømmeteknikken min, men den fører meg med dit eg skal, på den tida eg synst er bra, og gjer at eg rett og slett har det kjempemoro når eg svømmer, og at eg føler meg i mitt rette element.
Ein glad fisk i sitt rette element. Og eg er så misunneleg på denne vesle karen!
Og eg føler meg virkeleg som ein fisk på land.
Det har ikkje blitt meir svømming etter den første og fortsatte einaste økta dette året.
Augo min er framleis ikkje heilt gode enno.
Au. Auge. Raudt auge. Ikkje bra. Vondt er det også. Men så har eg noko å pleie på da.
Det ser ut som kroppen min er i ubalanse dette året. Eg er rett og slett ikkje heilt i form. Det går på både psyken pg fysikken. Eg har fått medisin for begge delar. Så får eg berre håpe at det går rette vegen.
Eit lite utvalg av kunstig tårevæske, tåregel og augedråper. Her er det berre å dryppe i veg.
Det er litt ironisk at eg har fått konstatert for lite tårevæske, synst eg, men nokon antyda at eg vel til slutt måtte gå tom...?
Uansett så skal eg gjera det beste ut av situasjonen. Eg har vore flink til å bruke briller. Linsebruk har eg begrensa til den tida det tek å løpe. Fult påkledd i løpetøy er kontaktlinsene det siste eg tek på meg før eg spring i veg, og det første eg tek av meg når eg kjem heim.
Og om ikkje dette går heller, nåja, så får eg la vera dette også da. Fram til nå har eg løpt eit par timar i veka fordelt på to økter og denne vesle mengda er det realistisk å halde på med fram til IM 70.3 Mallorca i midten av mai.
Og utan å svømme er det alltid plass til både styrketrening og litt innesykling sjølv om energinivået mitt er på eit lite ønskverdig lågt nivå og nervene er litt tynnslitte.

Slik såg girwiren på Marvil'n ut. Litt slitt, så den blei bytta. 

Av og til hadde det jo vore kjekt å kunne bytte desse slitte nervene mine med nokon nye, slik eg bytta girwiren på Marvil'n. Men menneskekroppen er heldigvis ikkje noko maskin, og dessutan har den evnen til å reparere seg sjølv, i alle fall til ein viss grad.
Og litt slitasje får ein vel tole med tida?

Morgonstemning på Selsvoll. Binna er tilbake frå lufteturen sin.

Utsikt frå tur. Det er dette som reparerar tynnslitte nervar. Naturmedisin ;)

Tilbake frå tur med Binna. Ho likar å bli fotografert. Bra!
 

2 kommentarer:

  1. Eg trur at Mallorca turen kåns bli bra! Lurt å ha noko å sjå fram te!! Å eg trur veldig - at inna mai - sø he du søpass god form, at du kjæm i mål og te å mæ syns det heile he vøre ein god upplivelse!!:-) God klem!

    SvarSlett
  2. Ja eg trur vel au at formen eigentleg er bra. Den er nok bygd på heilt andre ting enn "triatlonspesifikk" trening. Men me veit jo høss gode bakkane er te å kome i form på ;)
    Eg au ser så fram te turen vår te Mallorca.
    God klem te deg au :)

    SvarSlett