13. november 2010

Utsikt med innsikt

Det var kanskje ikkje anna å vente?
Haustforkjølelsen slo til, med full styrke, for 10 dagar sida.
Eg er så sjeldan forkjøla at eg trudde eg skulle få sleppe denne hausten, men det gjorde eg altså ikkje. Heile siste helg gjekk med på å ligge på sofaen, med tre-fire fleeceteppe og varmeflaske og haugevis med papirlommetørkle og lypsyl og vitamintablettar og litt frukt og nesespray og paracet...

Så det har ikkje blitt mykje trening å blogge om.
Ikkje triatlontrening i alle fall. Eg heldt meg i ro, skulle bli frisk.
Men etter berre eit par dagar heldt på å gå opp veggen, og Binna likeeins.
Dessutan var det ei pakke som skulle hentast på postkontoret, og den visste eg inneheldt masse sjokolade...hm.
Rusleturen ned til sentrum i nokre kuldegradar gjekk fint, turen opp att var verre, sidan pakka var tyngre enn venta.
Men belønninga var stor, for nå trengte eg omtrent ikkje lenger stå opp att av sofaen for å få i meg næring, sidan eg hadde fått ein heil masse sjokolade å ta frå, og i tillegg så hadde rusleturen i den kalde lufta opna opp litt nesa mi, slik at eg faktisk også greidde å ete og puste samtidig!

Det frista ikkje veldig med vanleg uthaldenhetstrening, men rusleturar blei det heretter dagleg, og mine faste torsdagsturar har eg heller ikkje droppa. Eg kjenner meg ikkje akkurat som treningsnarkoman, eg set virkeleg pris på den ekstra tida eg får dagleg når eg ikkje trenar, men nå etter over ei veke utan trening har eg begynt å bli rastlaus og sur utan å skjønne grunnen, og i går kveld blei det for mykje, så eg tenkte at littegrann styrketrening ikkje kunne gjera så mykje skade.
Og det gjorde det heller ikkje.
Kroppen kjendest faktisk ganske pigg, og det er kanskje ikkje så rart etter ei veke utan målretta trening.
Men det eg gjerne savnar mest når eg ikkje trenar, det er det å vera ute, og lea meg.
Grunnen til at eg kom meg godt gjennom denne veka med forkjølelse og hodepine og utan oppkvikkande og befriande trening ute, er at eg har til tross for litt redusert form, vore med på tur.
Og desse gruppeturane i fjellet gjer meg så utruleg godt!
Det er fint å gå tur saman med andre, og sekken er ikkje så altfor tung, og intensiteten i gjennomsnitt forholdsvis låg.
Denne torsdagen var målet Ordalssåta.
Det hadde kome ein del snø, men ikkje så mykje at det ikkje gjekk an å vasse i det. Dessutan var snøen lett og fluffy, og på glatte partier var det berre å ta det med ro.
Men då me i toppgruppa prøva oss på den bratte stien opp til sjølve toppen, måtte me innsjå at målet ikkje kunne nås denne dagen, spesielt ikkje med resten av gruppa ventande på oss lenger nede.
Snøen var nemleg også ganske glatt, og mange gonger fekk me rett og slett ikkje nok fotfeste. Slik at me nøydde oss med "Jåfjøll"-toppen, og sparte Ordalssåta til seinare.
Lett og fluffy (og ganske glatt) nysnø.
Utsikt mot vest, mot Haukeli, frå stien opp til Ordalssåta.
For eit fint fjell der i det fjerne! Eg lurar på kva det heiter...
Godt at me starta turen kl.10. For då hadde me alt fått med oss mange timar med solskinn og blå himmel før det skya til utover dagen...



Ordalssåta -Sjølve toppen får vente til ein annan gong...
Torsdagen for ei veke sida blei det tur til Sandsetvatnet, som ligg i landskapsvernområdet Brattefjell-Vindeggen.
For 10 dagar sidan var det berre litt snø på dei kringliggjande toppane, og det var lett å gå.
Det er fint med snaufjell. Kartlav på stein og kvite fjell i bakgrunnen. Utruleg flott.
Sandsetvatnet. Sett frå dammen og nordover. Herifrå er det mindre ein éi mil til Hardangervidda nasjonalparksenter på Skinnarbu.
Bru over Sandsetåi. Det var utruleg mykje vatn i åi.
Det var så fint med så mykje rennande vatn. Det var noko spesiell stemning der langs åi. Eg er nødd til å dra tilbake dit for å oppleve den litt meir.
Eg har godt av å vera på fjellet, og godt av å vera på tur. "Ut på tur - aldri sur"? Kanskje ikkje akkurat det, men eg har nå aldri angra på at eg har dratt på tur heller. Det er ikkje sikkert eg alltid veit kva som er best for meg? Men eg har jo eit heilt liv til å finne ut om det...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar