10. juli 2009

Svømming

Når det først regner ute og det er anledning til å bli våt, så skal ein jammen bli våt!
Det blei ein liten svømmetur ute i dag. I kortare avstand enn 9 mil har eg enno ikkje funne noko svømmehall eller basseng som er open om sommaren. Og eg som elskar å svømme.
Då gjeld det berre å ta våtdrakt fatt og badedrakt, svømmebriller og -hette og røske med seg handkle og bikkja og ut og ned til vatnet.
I 5min køyreavstand ligg Seljordsvatnet der og ventar på meg.
Det har vore så varmt den siste perioden, at eg håpar at dei dagane med regn ikkje har kjøla ned vatnet altfor mykje.
Sjølv om våtdrakta er god nok, den. Men eg er ein frysepinne. Eg kunne godt ha sommar nesten heile tida. Og det kan vera artig å hive seg uti eit iskaldt fjellvatn.
Men likevel.
Vatnet låg der,stille med berre små bølgjer og det utruleg varmt i lufta.
Ingen andre som bada ved stranda her i dag ved Seljord Camping (som forøvrig let meg parkere her gratis, sidan eg berre skal svømme litt,tusen takk!),
så eg har Seljordsvatnet for meg sjølv i dag.
Det vil sei: det blir meg og sjøormen da.

Andre gode ting og tang å ha med nå ein skal svømme ute aleine i regnvær:
--> rosa svømmebriller, som gjer at det ser ut som om det er fint vær:)
--> ein hund (Binna) som ein gong skulle bli rednindshund, men som blei fortidspensjonert. Og som fortsatt har viljen til å redde liv i behold. Sjølv om eg lurar på kven av oss to som eigentleg har den best svømmekondis. OK, Binna har ikkje fått trent svømming i det siste. Ho er faktisk ikkje så glad i å svømme. Men ho er ivrig og vil alltid vera med.
For ei fantastisk innstilling!
Derfor syntst ho nok ikkje at det var så kjekt at ho skulle vera bunden i eit tre og sjå på når eg skulle svømme:
Eller var det det at ho heller ville ligge i den flotte kvite fluktstolen ved stranda i staden for på teppet sitt? Og eg igjen, ikkje skjønte det?

Vatnet var utruleg deileg i dag, og duskregnet gjorde ingenting, og det blei 23min effektiv svømmetid.
Selma (sjøormen i Seljordsvatnet) viste seg ikkje i dag heller, så det blei ein fin liten svømmetur uten store hendelser. Ein svømmetur som redningshunden Binna nok syntest at likevel var litt i lengste laget.
Men dette blei gløymt med ein gong når eg kom opp av vatnet igjen. Ho blei berre glad og med ein gong eg sleppte ho, heiv ho seg i sanden og rulla seg, og apportere (=redda) mine sko og tok seg begeistra av tørkinga.
Å kunne leve slikt i nuet,som ho gjer, det er jo ein fin eigenskap, det.
Noko som eg jammen skal la meg inspirere av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar