19. mai 2015

Gje jenta riktige sko og ho vil erobre verda!

Det går sakte men sikkert bedre og bedre med plantar fascitten. Heldigvis!
Eg har ikkje hatt vondt i hælen på fleire veker.
Men - borte er det ikkje, eg kjenner fortsatt at det luggar og "summer" og "prikkar" i hælen, og under foten... av og til så det kjem det eit lite urovekkande stikking i venstre hæl, altså motsatt av plantarfascittfoten min.
Jaja.

Nå når det er vår så er det blitt sjeldan eg brukar mine store mjuke og romslege KEEN-støvlar, som har så god plass til fotfoten dvs tærne.
Og når det er fint vêr, så er det berre Kwicky'ane som blir lufta.
Dei er så mjuke og gode, med god plass til tærne.

Dei er ganske breie framme, men best av alt, så er dei ganske flate inni skoen, og overmaterialete er så mjukt at ingenting hemmar føtane mine. Med elastiske skolisser blir dei kjempegode!

Framover så skal eg unne føtane mine gode sko.
Dei skal vera romslege, og ha god plass framme.
Etterkvart skal eg redusere "hæl-tå-drop" også,
dvs forskjellen i høgda i skosålen frå hæl til forfot.
Vibram Fivefingers (her: Spyridonmodellen) er "null-drop"-sko
Grunnen til dette er at eg kjenner kor mykje bedre haldning eg får av å bruke for eks.Vibram Fivefingers (VFFs), og heilt flate sandalar (med lite hæl-tå-drop). Det er noko med at korsryggen slappar av.


Men for meg er ikkje VFFs løysinga for skotøy i kvardagen, dvs eg har ikkje lyst til å bruke dei heile tida.
Kroppen treng også tilvenning.
Men dei er supergode, synst eg.
Eg har gradvis vent meg til å bruke mine VFF Spyridon, på både tur og litt løping (maks to minutt av gangen så langt), og lengste turen var i skogen sist fredag, på ein time.

Eg pleier å ha med mine Kwicky's også på tur, hengande på beltet eller kameraveska, i tilfellet føtane mine plutseleg skulle streike (Kwickysane er så utruleg lette at eg ikkje legg merke til at dei heng der. På godt og vondt - på ein tur i skogen så greidde eg å miste ein sko - så då var det berre å sprinte tilbake i skogen før mørket satt inn og leite - heldigvis fann eg skoen igjen!).

Det er utruleg deileg å gå tur i skogen med Fivefingers. Heilt nydeleg!
Eg elskar å kjenne underlaget, stein, røter, mose, jord, og at dei er så lette. Eg likar også at alle fem tær kan bevege seg uavhengig frå kvarandre.
Barbeint så kan den store tåa kan "halde seg fast" i ein sprekk, uavhengig av dei andre tærne.
Dette går også til ein viss grad an i Fivefingers.
Plass til alle fem tær.
Eg er heldig som har føtar som passar perfekt inn i Fivefingers.

Eg har også eit par VFFs til styrketrening inne, da med litt tynnare såle med mindre mønster. Dei er glimrande når ein skal kjenne underlaget, stillinga på ankelen, osv.

Eg unnar føtane mine ein "pause" frå Fivefingers ca annankvar dag, utan at dette er noko regel. Men eg brukar dei sjeldan dagleg.
Sist sundag var eg på stranda, og tok av meg skoene og gjekk likegreitt heilt barbeint.

Så nydeleg!
Følelse av sommar (om enn litt kjøleg), frihet og minner om barndomssomrane der me gjekk mykje barbeint. Og god trening til føtane er det også, og heilt gratis (kiling og au-au-au-fornemmelser inkludert).

All entusiasmen til tross så vil eg allikevel ta det gradvis med overgangen til "zero-drop" og er fortsatt på utkikk etter eigna sko.
Første prioritering er alltid god plass til tærne.
Samanlikning av Nike Free 5.0 (til høgre) mot mine Kwickys.
Nike skoene hadde god plass til tærne, og mjuk såle, det likte eg
(og fargane er jo sååå fine!)
Andre prioritering er hæl-tå-dropp på 0-10mm.
Kwickysane har 10mm, og litt demping, så ideelt sett vil eg har ein sko med 4-8mm drop og middels demping (siste for komfortens skyld).
Godt mønster i sålen hadde vore kjekt sidan eg går mykje tur med Lukas i skogen.
Kjekt med godt mønster under skoene for ikkje å bli dratt
ned i elva av Lukas når me går tur.
Så då bestilte eg meg to par Merrellsko, i to forskjellige størrelsar, og er spent på om dei passar. Merrell har eg god erfaring med frå både vinterstøvlar og sandaler, så det blir spennande korleis løpeskoene deira blir.

Det er ganske artig å utforske skoverden, og eg må innrømme at eg har blitt litt hekta på sko (igjen).


11. mai 2015

Eit lite stykke Norge.

Våren visar seg for tida akkurat som eg har det for tida: variabel.
Ein dag er det reinaste sommar der ein kan sitte ut og lese bok, med solfaktor og bikkja som solar seg ved sida, fulgane kvitrar og bjørketrea blir meir og meir grøne, sola skin og himmelen er blå... og så neste dag så er det tåke og yr og med lett bris og 8C er den følte temperaturen nærmare vinterleg.
Omtrent slik har eg det også for tida.
Vårdagar å bli glad av!
Treningsmessig så prøvar eg å utnytte dei fine dagane for å sykle ute, og brukar dei dagane med dårlegare vêr til å trene inne. Styrketrening, for eksempel. Løping er også fint i skogen i lett yr, men løping driv eg jo ikkje så mykje med for tida.
Kvitveis frå tidlegare søndagstur på beina - føtane mine blir sakte men sikkert bedre!
I går var eg ikkje i form til trening eigentleg.
For å vera heilt ærleg, så er eg ikkje i form uansett. Da snakkar eg ikkje om kondis, men om allmentilstanden min.
Eg har så lite å gå på. Det minste krav fører til hodepine, kvalme, magesmertar, migrene, allergi... og medfølgande tankar om tvil på meg sjølv, formen min, kroppen min, sjølvfølelsen min og om det i det heile tatt nyttar.
Det kan det bli mange negative tankar av altså!
Det gjeld å halde blikket og sinnet fokusert på noko som gir gleda og styrke og håp:
Her: eit lite stykke Norge: Fjellet Skorve. Utsikt frå sykkelsetet.
Eg savnar å ha ein konkurranse å trene mot, eg synst det er så motiverande å ha eit mål. Noko å fokusere på. Enn så lenge får eg trene det eg kan.
Og det eg har funne ut er at så lenge kroppen min ikkje spelar på lag, så får eg spela på lag med kroppen min. I praksis betyr det for tida at høg puls kan eg eigentleg berre gløyme dei fleste dagane.
Her skal det trenast roleg.
Så då det var så fint vêr i går så måtte eg berre kome meg ut på sykkelen.
Eg trivst på sykkelsetet i fint vêr - er finvêrssyklist!
Og ja, sjølv om ChiCqiloen er ein temposykkel, så treng ein ikkje berre sykle i raskt tempo.
Tempo er relativ.
Låg tempo. Moderat tempo.
Eit lite stykke Norge (E-134) og eit lite stykke rosa temposykkel.
I går var det i alle fall fine sykkelforhold, til tross for at det blåste ganske kraftig.
Eit par rundar rundt bygda til eg hadde unnagjort ein liten time var nok for meg.
Med litt musikk på det eine øyraet så kosa eg meg.
Lite trafikk var det også.
Nesten urovekkande lite trafikk.
Enda eit lite stykke Norge: E 134 og Lifjell i bakgrunnen med Bjørgenuten.
Kor var folk hen?

Eg kjendte denne turen godt i beina etterpå.
Som sagt, eg har lite å gå på, så eg får ganske god treningseffekt også etter berre éin time på sykkelsete.
Eigentleg ganske praktisk, ikkje sant?

2. mai 2015

Triatlonabstinenser

Nå er det mai, og triatlonsesongen er i gang.
Ikkje for meg.
Plantarfascittføter skal ikkje løpe så mykje, dei skal først bli friske og sterke, må vite.

Men altså...
I dag er det også Bøsprinten, "vårens vakraste eventyr" og ein sprinttriatlon i vakre Bø i Telemark der eg har budde så mange år og der triatlonkarrieren min starta.
I fjor så blei denne også einaste konkurransen min.
Ein kjempetriveleg start på triatlonsesongen, svømming inne i basseng med etterfølgande jaktstart på sykling.
Frå Bøsprinten 2014 - eg svømmer.
Ellers rundt omkring i verden er det godt i gang med store internasjonale triatlonkonkurransar. Eg er ikkje påmeldt på nokon av desse, men har ein drøm for 2016.
Dette er frå IM 70.3 Norway/Haugesund, 2013.
Fint å kunne mimre :) 
Og eg savnar triatlonkonkurransar!
Jepp.
Samtidig så er det heilt greitt, for eg trur i år så er formen min heller ikkje heilt på plass.
Fellessyklinga nå i fire veker har vist at eg har rett og slett veldig lite å gå på.
Og det er ikkje dårleg kondis det går på, sjølv om eg heilt klart har dårlegare kondis samanlikna med same tidspunkt i fjor.
Motivasjonen for å trene er det,
men for tida så føler eg meg som ein skygge av meg sjølv..
Det er berre at etter ein time aktivitet er det stort sett slutt.
Kroppen er køyrt tom.
Og den seiar stopp. Eh, kan nokon dytte meg kanskje slik at eg greier å henge med gruppa?

Dagane derpå blir eg plaga av migrene (nå har eg i alle fall eit navn på plagene), kvalme, hodepine, og alminneleg mangel på energi, eg blir irritabel, slapp, mistar matlyst samtidig som eg føler meg heilt "innhol" av sult, eg frys og svettar om einannan, osv.
Gode Lukas held meg med selskap.
Han er fornøydd med ein 40minutters luftetur og likar godt å slappe av på sofaen saman med meg.
Han er gull verdt, go'guten min ♥
Greitt. Så få det vera slik da.
Då er triatlonabstinensen til å halde ut. Sjølv om eg hadde hatt friske føter nå, så hadde sjansen for at ein triatlonkonkurranse hadde havna på ein "god" dag, vore ganske liten.

Så eg fokuserar fortsatt på opptrening, og eg veit ikkje om dette høyrest kjedeleg ut for dikkøn der ute som berre MÅ ut og løpe og sykle og løfte vekter og drive med slyngetrening, HIIT og crossfit helst kvar dag, men eg kjenner at dette opplegget mitt er riktig for meg, kroppen min må ha tid for å kome seg, og den skal byggast opp.
Og den blir ikkje bygd ved å slepe den gjennom utallig intervalløkter og tempotrening.
Ein liten seier: Eg løp ein runde i nabolaget = 400m.
Og ingen plantarfascittsmerter etterpå.
Nå har eg gått over til "løpe 1min - gå 1 minutt" og gjentar f.eks. 3x.
Og det funkar.
Kroppen skal byggast nedanfrå opp.
Og innanfrå ut.
Sjela skal vera med,
og hodet skal vera med, ikkje minst.
Hodet mitt kan jo finne på å klusse med kroppen også, nemleg.

Dette skal ikkje vera noko negativ syte-klage-stakkars-meg-innlegg.
For mentalt sett, så er eg berre plaga av triatlonabstinensar (er ille nok, men heller ikkje verre).
Eg savnar lukten av neopren.
Det er såååå nydeleg når eg opnar skapet i gangen, og der heng det fire våtdrakter av forskjellige slag (jepp, f-i-r-e) og lukten minner om triatlon, sitringa av å stå med føter i sand eller til knes i vatn før start, gjera klart T1 med sykkel og hjelm og startnummer, sykkelsko står klare ved sida, løpesko er der også, race-caps'en, ein gel, ein banan på sykkelen...
Nyaste neoprenlukt frå våtdraktinvestering ifjor: Sailfish-"swimskin"
eg gledar meg til å ta den i bruk igjen - men for så tynn våtdrakt må det først bli
god temperatur i vatnet (men den luktar himmelsk godt altså:D)
Alle desse forberedelsane på konkurransedagen.
Du kikker litt på henne ved sida av deg med den super kule hjelmen og den stilige temposykkelen. Og der ja, ho ser jo kjempetrena ut. Men ikkje i aldersklassa mi, heldigvis.
Hm, kva slags smak på gel skal eg ha med på sykkelen...
Vatn eller sportsdrikke?
Har eg tatt med yndlingsdrikkeflaska mi?
Halskjede ja eller nei?
Solkrem?
Klokke?
Nok luft i dekka?
Reserveslange?
Rosa tempostyre for ekstra mental kikk på syklinga,
mens denne Powerbarflaska er ei av favorittane mine.
Eg gledar meg til den dagen eg igjen kan stå i ei skiftesone og stiller meg desse spørsmåla.
Eg gledar meg veldig!